Grendafotografering i Fresvik

FOTOGRAFERING  FRESVIK

Helge Grønningsæter held fram med å fotografera alle som bur i Vik grendevis, det gjeld gruppefoto, ikkje enkeltfoto. Dette vil vera verdfullt i dag, men endå meir om 50 og 100 år. Det tek ca 15 til 30 minutt. Sjå Facebook eller www.helgevikisogn.no

Me håpar difor at alle vil møta. Dei bileti som er klare er utstilte på Blix hotell. Nye bilete tekne i 2017 vil koma der til hausten.

Det er og mogeleg å få kjøpa kopiar, i A4 format (21x29 cm). Inntektene går til Vik Røde Kors.

Fotograferinga vert:

Tysdag 5.september kl 17.00 på kaia ved butikken

Alle som bur i/på:

1. Hovssida frå Øyri tom. Kjell Ottar Hov.          Ca 17.00

2. Øybøen-Hatlelid-Tretteteig                                         Ca 17.15

3. Gyrjegrendi-Flatbygdi t.o.m. Grundeland      Ca 17.30

Torsdag 7.september kl 17.00 ved skulen

4. Høgheim frå Skau til Svardal                                    Ca 17.00

5. Flatbygdi frå Grundeland t.o.m. skulen          Ca 17.15

6. Breilid-Flæte- Solali-Otterhjell t.o.m.Simlenes Ca 17.30

Vi får håpe på brukbart ver – litt regn får me vel tole - i verste fall J Viss veldig dårleg vermelding (ser bra ut pr i dag) kjem melding på Fresvik si facebook-gruppe og oppslag på butikken om endring/utsetting.

Passar ikkje tidspunkt er det heilt greitt å møta på den andre dagen!!

Velkommen! J

Ta kontakt viss spørsmål:

Arne Inge Sæbø 97 70 30 15

Helge Grønningsæter 91 88 58 78

Grendafoto 2016 - Neighbourhood photos 2016

Status 16.mai 2017:

All the photos are on the walls at Blix hotel in Vik.

16 bilde frå 2016 for er no hengt opp på Blix hotell. Totalt heng det 46 bilde på hotellet. A4 kopiar vert klare til Gamalostfestivalen - på Blix hotell og Sogn Gullsmedforretning. Inntekt går til Vik Røde Kors. Nokre døme nedanfor:

Indrefjorden 2016

Indrefjorden 2016

Folk busett på Borlaug ved Feios Skule. Borlaug i bakgrunnen.

Folk busett på Borlaug ved Feios Skule. Borlaug i bakgrunnen.

Djuvik camping 2016 - Folk frå Goteviki til ca Krossen

Djuvik camping 2016 - Folk frå Goteviki til ca Krossen

Folk frå Prestberget, Øyri, Gildhus m.m. på Vik stadion 2016

Folk frå Prestberget, Øyri, Gildhus m.m. på Vik stadion 2016

GRENDAFOTOGRAFERING I VIK - NEIGHBOURHOOD PICTURES FROM VIK IN SOGN, NORWAY

Sjå alle bileta her - Look at all the pictures here ( the photos are on the walls at Blix hotel in Vik). Klikk på lenka/Click here:   Grendafoto i Vik

Det er utstilling av alle bileta (tatt i 2015 og 2016) på Blix hotell. Det er mogeleg å kjøpa kopiar, i A4 format (21x29,7cm) påBlix  hotell eller på Sogn Gullsmedforretning, for kr. 70,-. Salsummen går i sin heilheit til Vik Røde Kors.

Fotograferinga er i samarbeid med Vik lokalhistoriske arkiv ved Arne Inge Sæbø.

 Helge Grønningsæter 91 88 58 78

Giclée-trykk - ein ny og moderne måte å lage kunst-trykk på

Les meir om giclée-trykk her, ein produksjonsmåte som har overtatt mykje for vanleg trykking. Klikk her: Produksjon - Teknikk

1. jul, 2016

Vel deg eit bilete frå sidene her til deg sjølv - eller kanskje ei gåve til nokon :)

Fotolerret er eit moderne og stilig produkt som kan framheve eit bilete på veggen.

Bilete blir skrive ut på beste lerretsmateriale (Epson canvas satin premium) og blir montert rundt ei ca 2 cm tjukk blindramme i tre. Døme ca 53x80 cm kr. 900. ferdig montert med oppheng. Døme ca 40x53 cm kostar kr 650, ferdig montert med oppheng. Nokre bilete har prisen oppført under biletet.

Eg nyttar ein profesjonell rammemakar til å ramme inn bilete - om du ønskjer det. Klikk på linken i overskrifta.

Framing is normally for the local market. Click the link in the heading.

Prisane under bileta på "Kunst og Foto" er normalt ført opp berre utan ramme. Ramme, passepartout og innramming ligg oftast på ca. kr. 400-900,- etter størrelse på biletet og kvaliteten på ramma. Klikk på linken i overskrifta

Pictures in "Kunst og Foto - Art and Photo" are normally set up with price only without frame. With frame is mostly for local ordering. - Click the link in the heading.

Du kan få fiksa dine gamle foto og få nye utskrifter. Korrigering av lys, fargar, kontrast, riper, prikkar med meir.
Du kan og få forstørra mindre bilete med god kvalitet.
Dette er i hovudsak eit tilbod om enkeltbilete du vil fikse/forstørre og ikkje for store antal. Maksimum 5 bilete pr.oppdrag